Førde IL - Idrettsskole

Førde IL - Idrettsskole

Gruppedeling og program - oppdatert 18.06.2017

Postet av Førde IL - Idrettsskole den 18. Jun 2017

Vedlagt følgjer siste versjon av gruppefordeling m/program før vi ynskjer velkomne til FIL Sommaridrettsskulen i morgon 19.06.2017. Merk at hovudinstruktør på kvar gruppe no også er komt med, og desse vil ha med ein assistent-instruktør i aldersgruppa 16 - 18 år:

Utskriftversjonar for enkeltgrupper finner du på lenka under, og legg då merke til den generelle hugselista på side 2, delvis gjengitt under http://sommaridrett.fordeidrettslag.no/storage/fil...

Personalia blir kun tilgjengeleg på nettsida her til 30.06.17. Vi lyt publisere dette slik av praktiske omsyn.

Hugs:

  • Regnklede /ekstra skift
  • Eigna sko til ulike aktivitetar
  • Badetøy/handkle når det står på programmet
  • Drikkeflaske m/navn + "solid" matpakke (gjerne 1 brødskive meir ein på ein vanleg skuledag)
  • Solfaktor viss værmeldinga er med oss
  • Grillmat/pølser til fredagen ved Hunsrasta/Bekkjavatnet

Foreldra skal AVTALE med instruktør den første morgonen om rutinar for levering/henting. Ved avvik frå avtalen må det vere med skrifleg melding. Ta kontakt med instruktør straks du kjem og når du går, slik at ein blir kryssa av på lista. Instruktør på gruppa skal ha melding før kl 09:00 v/fråvær, sjukdom m.m. Vi må ha TLF.nr som vi raskt og sikkert kan nå dykk på – SJEKK om lista er rett.

Ved uakseptabel åtferd vil deltakarar kunne bli bortvist.

Dersom noko er uklart, kontakt Fredrik Hanssen – 90265493

Vi håpar du vil trivast på Førde IL Sommaridrettskulen!





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc