Førde IL Sommaridrettskulen 2018

Førde IL Sommaridrettskulen 2018

Arrangør: Førde IL - Idrettsskole

Tid


Sted


Pris

Påmelding fra kr 1750,-

Beskrivelse

Førde IL arrangerer sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom måndag 25. juni og fredag 6. juli 2018 (veke 26 og 27).

Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene, har vi sett eit øvre tak på 250 barn per veke. Påmelding etter «førstemann til mølla» prinsippet.

Sommaridrettskulen føregår på dagtid, alle vekedagar kl. 09:00 – 15:00.

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er m.a. bading, friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, dans, natursti og turn (vi tek atterhald om mulige endring i aktivitetane).

Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil være inntil 25 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe. I tillegg har vi spesialinstruktørar bl.a i turn og symjing.

Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her.

PRISAR: Kr. 998 for 1 veke, kr. 1830 for 2 veker (inkl. gebyr til påmeldingsløysinga).

Påmeldingsfrist er fredag 18. mai 2018!

Dei påmeldte må pårekne å betale medlemskontingent kr. 150,- viss ikkje medlem av Førde IL. Kontingenten inkluderar barneidrettsforsikring på våre arrangement. Iflg NIF-regelverk må medlemskontingent fakturerast separat. 

Påmelding skjer elektronisk gjennom heimesida til Førde IL -> gruppe FIL Sommaridrett: http://sommaridrett.fordeidrettslag.no. Påmeldinga er bindande sidan det er betaling ved påmelding. Vi bemanner arrangementet fortløpande i samsvar med påmeldingane, så "uføresatt sjukdom" eller "angrefrist" kan ikkje vi ta økonomisk risiko for.

Spørsmål kan rettast til Fredrik Hanssen mob.nr. 90265493 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no.


Påmeldingsskriv Førde IL Sommaridrettskulen 2018.pdf




Andre arrangementer fra Førde IL - Idrettsskole