Førde IL Sommaridrettskule 2021

Førde IL Sommaridrettskule 2021


Arrangør: Førde IL - Idrettsskole
Påmeldingsfrist: 23.05.2021 21:59

Tid


Sted


Pris

Påmelding fra kr 950,-

Førde IL arrangerer sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom måndag 21. juni og fredag 2. juli 2021 (veke 25 og 26). 

Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene, har vi sett eit øvre tak på 250 barn per veke. Påmelding etter «førstemann til mølla» prinsippet. 

Sommaridrettskulen føregår på dagtid, måndag til fredag klokka 09:00 – 15:00. 

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er mellom anna friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, dans, natursti og turn, men tek høgde for moglege endringar i aktivitetane. 

Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil vere inntil 25 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe. I tillegg har vi med oss spesialinstruktørar innan enkelte aktivitetar.

Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her. 

PRISAR: Kr. 950 for 1 veke, kr. 1750 for 2 veker (+ gebyr til påmeldingsløysinga). 

Påmeldingsfrist er søndag 23. mai 2021.

Viss påmelde ikkje er medlem av Førde IL må medlemskontingent på kroner 150,- betalast i tillegg. Kontingenten inkluderer barneidrettsforsikring på våre arrangement. I følge NIF-regelverk må medlemskontingent fakturerast separat.

Påmeldinga er bindande. Vi bemannar arrangementet fortløpande i samsvar med påmeldingane, så tilfelle med "uføresett sjukdom" eller "angrefrist" kan ikkje Førde IL ta økonomisk risiko for. Vert arrangementet avlyst på grunn av Covid-19 får de sjølvsagt pengane att.

Spørsmål kan rettast til hovudinstruktør Håvard M. Taule, på telefon 991 29 158 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no



Levert av IdrettenOnline