Skiskulen 2023

Skiskulen 2023


Arrangør: Førde IL - Alpin
Påmeldingsfrist: 07.01.2023 02:00

Tid


Mobile Førde skiskule 2023!

Førde IL Alpin vil i samarbeid med Sunnfjord skisenter og våre sponsorar ynskje ditt barn velkommen til årets skiskule. Skiskulen startar torsdag 12. januar. klokka 18:00. Stad: Sunnfjord skisenter i Blomlia. 

Førde IL alpin tilbyr skiopplæring til barn og unge fødd året 2017 og eldre. Fem kurskveldar på torsdagar klokka 18:00-19:30.  

Torsdag 12. 19. og 26. Januar

Torsdag 2. og 9. februar

Pris 800,- kroner for kurset. Betaling for heiskort kjem i tillegg.

Nytt av året er at deltakarar på skiskulen får tilbod om å kjøpe årskort til ein redusert pris i Sunnfjord skisenter for kun kroner 1200,- Årskortet kjøper du her når du melder på barnet, hugs å velje alternativet skiskule med årskort. Du hentar då ut årskortet i billettluka på Sunnfjord skisenter, ta med keycard, eller kjøp i luka for 75,- kr. Hugs på at det er gratis skikort for alle 4 . klassingar. (Det kan du og hente ut i billettluka).

For 2000,- kroner får ditt barn: årskort i sunnfjord skisenter, skiskule 5 kveldar, trening med Førde alpin kvar torsdag ut sesongen,

Våre instruktørar vil gjere sitt beste for at ditt barn skal få ei god skioppleving og vi garanterer skiglede. Vi ynskjer deg og ditt barn velkommen og gleder oss til å treffe nye og tidlegare deltakarar. 


Gruppe 1: Nybyrjar

Dei fleste på denne gruppa har aldri stått på slalåmski, første målet er at alle skal lære å ploge og stoppe for eiga maskin. Deretter går vi over til plogsving i ulike modellar og løyper. Erfaringsvis er dei fleste borna på plogsving etter 2 - 3 kveldar. Barnebakken er ein trygg og god arena for å lære seg å stå på ski, heisen er lett å ta, og går passeleg fort for dei minste, vi har og mange gode hjelparar i heisen og i bakken. 


Gruppe 2: Vidarekomne 

Ungane skal kunne køyre plogsvingar og klare å ta skitrekket åleine. Her er det fokus på læring gjennom leik og moro. Målet for kurset er at du no lærer å køyre med parallelle ski og større fart. Treninga til denne gruppa vil være både i familiebakken og i hovudbakken. 


Gruppe 3: Friski

Friski er eit tilbod for dei som vil ha nye utfordringar, likar frikøyring, leik, triks og hopp. Ungane på denne gruppa må kunne ta heis sjølv, må ha stått på ski før og kunne ta seg kontrollert ned.

Vi er opptatt av leik, moro, miljø og meistring.


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.