Sommaridrettsskulen i gang
Postet av Førde IL - Idrettsskole den 20. Jun 2016
Då er våre 29 instruktørar klare til å ta i mot 242 born til årets Sommaridrettskule.
På bildet over manglar dei 4 instruktørane frå Førde IL Turn.
Lukke til alle saman!
Gruppeinndelinga på Sommaridrettskulen 2016 er klar!
Postet av Førde IL - Idrettsskole den 10. Jun 2016
Førde IL Sommaridrettskulen har 242 påmeldte denne sommaren i aldersgruppa 1. - 5. klasse, og i veke 25 er desse delt på 12 grupper, medan det blir 3 grupper i veke 26.
Totalt blir det 28 instruktørar i sving desse 2 vekene, og dei er førebudde på å tilby borna eit variert og innhaldsrikt tilbod.
Vi gjer legger ut gruppeinndelingane her no, men desse tek vi ned når sommaridrettskulen er over på fredag 1. juli 2016.
Gruppeinndeling her:
http://sommaridrett.fordeidrettslag.no/storage/fil...
Sommaridrettskulen 2016
Postet av Førde IL - Idrettsskole den 1. Mai 2016
Førde IL arrangerer sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom måndag 20. juni og fredag 1. juli 2016 (veke 25 og 26).
Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene, har vi sett eit øvre tak på 200 barn per veke, «førstemann til mølla» prinsippet.
Sommaridrettskulen føregår på dagtid, alle vekedagar kl. 09:00 – 15:00.
Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er m.a. bading, friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, dans, natursti og turn (vi tek atterhald om mulige endring i aktivitetane).
Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil være inntil 20 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe.
Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her.
PRISAR: Kr. 950 for 1 veke, kr. 1900 for 2 veker
Påmeldingsfrist er fredag 20. mai 2016
Påmelding skjer elektronisk gjennom heimesida til Førde IL -> gruppe FIL Sommaridrett: http://sommaridrett.fordeidrettslag.no. Påmeldinga er bindande først ved registrert betaling på tilsendt KID-giro på e-post og/eller via portalen «Min Idrett».
Spørsmål kan rettast til Fredrik Hanssen mob.nr. 90265493 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no som går til Fredrik Hanssen + styreleiar i Førde IL.