Påmeldinga til Sommaridrettskulen 2022 er opna

Postet av Førde IL - Idrettsskole den 3. Apr 2022

Påmeldinga til årets FIL Sommaridrettskule 2022 er no opna og vert arrangert dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom måndag 20. juni og fredag 1. juli 2021 (veke 25 og 26). 

Tilbodet passar for alle born frå 1. klasse til 5. klasse.

Sommaridrettskulen føregår på dagtid, måndag til fredag klokka 09:00 – 15:00 med oppmøte i Hafstadparken. 

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er m.a. friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, bading og turn, men tek høgde for moglege endringar i aktivitetane. 

Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her. 

Prisar: Kr. 1164 for 1 veke, kr. 2264 for 2 veker (+ gebyr til påmeldingsløysinga).

Påmeldingsfrist er søndag 31. mai 2022.

Påmelding skjer elektronisk gjennom heimesida vår: Førde IL Sommaridrettskule 2022 (fordeidrettslag.no)

Påmeldinga er bindande.

Spørsmål kan rettast til hovudinstruktør Håvard M. Taule, på telefon 991 29 158 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no





Påmelding opna for FIL Sommaridrettskule 2021

Postet av Førde IL - Idrettsskole den 16. Apr 2021

Vi er så glad for at vi endeleg kan opne att for påmelding til FIL Sommaridrettskule 2021 som vert arrangert dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom måndag 21. juni og fredag 2. juli 2021 (veke 25 og 26). 

Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse.

Sommaridrettskulen føregår på dagtid, måndag til fredag klokka 09:00 – 15:00. 

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er m.a. friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, dans, natursti og turn, men tek høgde for moglege endringar i aktivitetane. 

Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her. 

PRISAR: Kr. 950 for 1 veke, kr. 1750 for 2 veker (+ gebyr til påmeldingsløysinga). 

Påmeldingsfrist er søndag 23. mai 2021.

Påmelding skjer elektronisk gjennom heimesida vår: Påmelding FIL Sommaridrettskule 2021

Påmeldinga er bindande.

Spørsmål kan rettast til hovudinstruktør Håvard M. Taule, på telefon 991 29 158 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no




Påmelding opna for FIL Sommaridrettskule 2021

Postet av Førde IL - Idrettsskole den 15. Apr 2021

Vi er så glad for at vi endeleg kan opne att for påmelding til FIL Sommaridrettskule 2021 som vert arrangert dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom måndag 21. juni og fredag 2. juli 2021 (veke 25 og 26). 

Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse.

Sommaridrettskulen føregår på dagtid, måndag til fredag klokka 09:00 – 15:00. 

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er m.a. friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, dans, natursti og turn, men tek høgde for moglege endringar i aktivitetane. 

Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her. 

PRISAR: Kr. 950 for 1 veke, kr. 1750 for 2 veker (+ gebyr til påmeldingsløysinga). 

Påmeldingsfrist er søndag 23. mai 2021.

Påmelding skjer elektronisk gjennom heimesida vår: Påmelding FIL Sommaridrettskule 2021 . Påmeldinga er bindande.

Spørsmål kan rettast til hovudinstruktør Håvard M. Taule, på telefon 991 29 158 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no




Gruppeinndeling FIL sommaridrettskulen - oppdatert 29.06.2019

Postet av Førde IL - Idrettsskole den 18. Jun 2019

Gruppeinndeling veke 27-2019.pdf

Hugs: Regnklær, ekstra klesskift, matpakke-/boks, drikkeflaske m/navn, eigna sko til ulike aktivitetar, badetøy/handkle. Foreldra skal avtale med instruktør den første morgonen om rutinar for levering/henting. Ved avvik frå avtalen må det vere med skrifleg melding. Ta kontakt med instruktør straks du kjem og når du går, slik at ein blir kryssa av på lista. Instruktør på gruppa skal ha melding før kl 09:00 v/fråvær, sjukdom m.m. Vi må ha tlf.nr som vi raskt og sikkert kan nå dykk på – Sjekk om lista er rett. Ved uakseptabel åtferd vil deltakarar kunne bli bortvist. Vi vonar du vil trivast på Sommaridrettskulen!

Og, ja:  Heller ein fyldig matboks i staden for pengar til "snoping" i kiosken (det kan vi ikkje prioritere).


Martine Vindheim, leiar Førde IL Sommaridrett 2019

sommaridrett@fordeidrettslag.no, mobil 99319624





Gruppeinndeling - Sommaridrettskulen 2018

Postet av Førde IL - Idrettsskole den 13. Jun 2018

Då er gruppeinndelinga for årets sommaridrettskule klar publisering. Gi tilbakemelding viss kontaktinfo ikkje stemmer. Legg også merke til hugselista og kommentaren frå leiaren av FIL Sommaridrettskulen:

-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Hugs: Regnklede, ekstra skifte, mat, drikkeflaske m/navn, eigna sko til ulike aktivitetar, badetøy/handkle. Foreldra skal AVTALE med instruktør den første morgonen om rutinar for levering/henting. Ved avvik frå avtalen må det vere med skrifleg melding. Ta kontakt med instruktør straks du kjem og når du går, slik at ein blir kryssa av på lista. Instruktør på gruppa skal ha melding før kl 09:00 v/fråvær, sjukdom m.m. Vi må ha TLF.nr som vi raskt og sikkert kan nå dykk på – SJEKK om lista er rett.

Ved uakseptabel åtferd vil deltakarar kunne bli bortvist.

Dersom noko er uklart, kontakt Fredrik Hanssen – 90265493

Vi håpar du vil trivast på Sommaridrettskulen! :)

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

(sist oppdatert 18.06.2018)

V26 - Alle 9 grupper.pdf

V27 - Alle grupper.pdf

Velkomne!