Sommaridrettskulen 2016
Postet av Førde IL - Idrettsskole den 1. Mai 2016
Førde IL arrangerer sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom måndag 20. juni og fredag 1. juli 2016 (veke 25 og 26).
Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene, har vi sett eit øvre tak på 200 barn per veke, «førstemann til mølla» prinsippet.
Sommaridrettskulen føregår på dagtid, alle vekedagar kl. 09:00 – 15:00.
Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er m.a. bading, friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, dans, natursti og turn (vi tek atterhald om mulige endring i aktivitetane).
Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil være inntil 20 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe.
Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her.
PRISAR: Kr. 950 for 1 veke, kr. 1900 for 2 veker
Påmeldingsfrist er fredag 20. mai 2016
Påmelding skjer elektronisk gjennom heimesida til Førde IL -> gruppe FIL Sommaridrett: http://sommaridrett.fordeidrettslag.no. Påmeldinga er bindande først ved registrert betaling på tilsendt KID-giro på e-post og/eller via portalen «Min Idrett».
Spørsmål kan rettast til Fredrik Hanssen mob.nr. 90265493 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no som går til Fredrik Hanssen + styreleiar i Førde IL.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Idrettsskole
Gruppeinndeling - Sommaridrettskulen 2018
13.06.2018