FIL Sommaridrettskulen 2019

FIL Sommaridrettskulen 2019


Arrangør: Førde IL - Idrettsskole
Påmeldingsfrist: 28.06.2019 19:30

Tid


Sted

Vis kart

Pris

Påmelding fra kr 986,00 inkl. avgifter


Førde IL Sommaridrettskulen 2019

Førde IL arrangerer sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom måndag 24. juni og fredag 5. juli 2019 (veke 26 og 27). 

Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene, har vi sett eit øvre tak på 250 barn per veke. Påmelding etter «førstemann til mølla» prinsippet. 

Sommaridrettskulen føregår på dagtid, alle vekedagar kl. 09:00 – 15:00. 

Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er m.a. bading, friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, dans, natursti og turn (vi tek atterhald om mulige endring i aktivitetane). 

Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil være inntil 25 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe. I tillegg har vi spesialinstruktørar bl.a i turn og symjing.


Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her. 

PRISAR: Kr. 950 for 1 veke, kr. 1750 for 2 veker (+ gebyr til påmeldingsløysinga). 

Påmeldingsfrist er søndag 19. mai 2019.


Dei påmeldte må pårekne å betale medlemskontingent kr. 150,- viss ikkje medlem av Førde IL. Kontingenten inkluderar barneidrettsforsikring på våre arrangement. Iflg NIF-regelverk må medlemskontingent fakturerast separat.

Påmelding skjer elektronisk gjennom heimesida til Førde IL -> gruppe FIL Sommaridrett: http://sommaridrett.fordeidrettslag.no. Påmeldinga er bindande sidan det er betaling ved påmelding. Vi bemanner arrangementet fortløpande i samsvar med påmeldingane, så tilfeller med "uføresatt sjukdom" eller "angrefrist" kan ikkje Førde IL ta økonomisk risiko for.


Spørsmål kan rettast til Martine Vindheim mob.nr. 99319624 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no


Påmeldingsskriv Førde IL Sommaridrettskulen 2019.pdf


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.