Sommeridrettsskulen 2024
Arrangør:
Førde IL - Idrettsskole
Påmeldingsfrist: 09.06.2024 16:30
Tid
Sted
Pris
Sommaridrettskulen 2024
Førde Idrettslag arrangerer sommaridrettskule dei 2 første vekene etter skuleslutt mellom mandag 24. juni og fredag 5. juli 2024 (veke 26 og 27).
Tilbodet passar for alle barn frå 1. klasse t.o.m. 5. klasse. For å ha ei større kvalitetssikring på aktivitetane og gruppene, har vi sett eit øvre tak på 250 barn per veke. Påmelding etter «førstemann til mølla» prinsippet.
Sommaridrettskulen er på dagtid frå 09:00 – 15:00.
Aktivitetstilbodet er breitt og varierer litt frå år til år. Planen i år er mellom anna friidrett, orientering, fjelltur, ballspel, bowling, natursti, men tek høgde for moglege endringar i aktivitetane.
Vi organiserer gruppene etter alder, skule og klasse. Det vil vere inntil 25 born og 2 til 3 instruktørar i kvar gruppe. I tillegg har vi med oss spesialinstruktørar innan enkelte aktivitetar.
Obs! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent også her.
PRISAR: Kr. 1500 for 1 veke, kr. 2900 for 2 veker (+ gebyr til påmeldingsløysinga).
Påmeldingsfrist: Søndag 9.juni 2024
Dersom påmelde ikkje er medlem av Førde IL må medlemskontingent på kroner 150,- betalast i tillegg. Kontingenten inkluderer barneidrettsforsikring på våre arrangement. I følge NIF-regelverk må medlemskontingent fakturerast separat.
Påmeldinga er bindande. Vi bemannar arrangementet fortløpande i samsvar med påmeldingane, så tilfelle med "uføresett sjukdom" eller "angrefrist" kan ikkje Førde IL ta økonomisk risiko for.
Spørsmål kan rettast til hovudinstruktør Fredrik Hanssen, på telefon 902 65 493 eller på e-post sommaridrett@fordeidrettslag.no.
Har du lyst til å være instruktør?
Send en enkel søknad til sommaridrett@fordeidrettslag.no hvor du beskriver deg selv samt formell og uformell kompetanse osv.
Administratorer
Kommentarer
Du må logge inn for å poste i veggen.