Sommarferieturn 2024
Arrangør:
Førde IL - Turn
Påmeldingsfrist: 11.08.2024 21:00
Tid
Pris
Førde IL Turn har gleda av å invitere til
Sommarferieturn veke 26, 27 og 33!
Tilbodet er for både aktive turnarar og dei som ikkje har turna tidlegare.
I veke 26 (onsdag) er vi så heldig å få besøk av DEN DANSKE TURNTROPPEN.
Verdslaget i turn frå Danmark reiser anna kvart år på ei verdsreise for å inspirere barn og unge til aktivitet, turn og leik. No kjem dei til Gloppen og Førde for å halde workshops og show!
Derfor blir veke 26 litt annerledes enn dei andre turnvekene:
For 1-3.klasse:
Mandag, tirsdag, torsdag og fredag blir vanleg ferieturn med oppmøte 09:30-14:30, med to turnøkter kvar dag og 30-45 min matpause. For dei som ikkje melder seg på workshop onsdag, blir det altså ingen andre tilbod denne dagen.
For 4-7.klasse:
Mandag, torsdag og fredag blir vanleg ferieturn med oppmøte 09:30-14:30, med to turnøkter kvar dag og 30-45 min matpause. For dei som ikkje melder seg på workshop onsdag, blir det altså ingen andre tilbod denne dagen.
Tirsdagen har vi booka Sunnfjordparken halv dag for 4-7.klasse. Levering blir ved Sunnfjordparken denne dagen. Dei går tilbake til turnhallen etter dei er ferdig. Lunsj + 1 økt i hallen denne dagen.
Workshopen blir onsdag 26.juni fra 10:00-15:00. Det vil bli ei aktiv og inspirerande økt for barn og unge som deltek! Workshop er satt opp for 2 aldersgrupper:
- Førskule til 5. klasse
- Barn/Ungdom 6. klasse og eldre.
Program for dagen:
- 10.00-12.00: Økt 1
- 12.00-13.00: Lunsj
- 13.00-15.00: Økt 2
PRIS:
Workshop kostar 400,-* per deltaker og kjem i tillegg til vår billettavgift.
NB! Billett til workshop må bestillast i ekstern lenke som ligger under her!
*Billett inkluderar og billett til show på Sandane søndag (16.00-18.00).
For meir informasjon og påmelding, klikk på lenka 👇
DGI Workshop Førde 2024 | NorEvent
Veke 27 og 33:
I veke 27 og 33 er det turntilbod mandag tom torsdag. Under finner de meir info om korleis veka er lagt opp.
Mandag, tirsdag, onsdag og torsdag: kl 09:30 - 14:30.
To økter turn kvar dag og 30-45 min matpause.
For 4-7. klasse: Tirsdag begge vekene har vi booka Sunnfjordparken halv dag for 4-7.klasse. Levering blir ved Sunnfjordparken denne dagen. Dei går tilbake til hallen etter dei er ferdig. Lunsj + 1 økt i hallen.
Billettavgift alle veker:
- 1 - 3. klasse - 1150,-
- 4 - 7. klasse 1350,- inkl. halv dag i Sunnfjordparken.
Ta kontakt på epost: ferieturn.forde@gmail.com eller ring 988 94 231 ved spørsmål.
Litt info:
- Møt i turndrakt eller tettsittande treningskle
- Ta med lunsj og drikkeflaske og evt noko frukt
- Hugs å merke kle og drikkeflasker
- Vi må ha beskjed fra foreldre om borna skal gå heim sjølve
Meir informasjon blir sendt ut på mail nokre dagar før oppstart.