Sommarferieturn 2026

Sommarferieturn 2026


Arrangør: Førde IL - Turn
Påmeldingsfrist: 15.06.2026 23:30

Tid


Pris

Påmelding fra kr 1 350,00 inkl. avgifter

Beskrivelse

Førde IL Turn har gleda av å invitere til sommarferieturn i veke 26, 27 og 33!

Tilbodet er for både aktive turnarar og for dei som ikkje har turna tidlegare.

I veke 26, 27 og 33 er det turntilbod frå måndag til fredag. Under finn de meir informasjon om korleis vekene er lagde opp.

Tidspunkt alle dagar: kl. 09.30–14.30

Det blir to turnøkter kvar dag og 30–45 minutt matpause.

Tysdag i veke 26, 27 og 33 har vi booka Saltosentralen for alle (halv dag). Levering skjer på Saltosentralen denne dagen. Deltakarane går tilbake til hallen etterpå. Det er inkludert lunsj. 

For 1.–3. klasse vil det bli korte pausar mellom parken og hallen. Dei vil vere tilbake i turnhallen mellom kl. 14.15 og 14.30.

Pris alle vekene:
1350 kr, inkludert halv dag i Sunnfjordparken.

Påmeldingsfrist:
Veke 26 og 27: 15. juni
Veke 33: 3. august

Påmeldinga er bindande. Vi bemannar opp med instruktørar i samsvar med tal på deltakarar, og Førde IL Turn kan difor ikkje ta økonomisk risiko ved uforutsett sjukdom o.l.

Dersom den påmelde ikkje er medlem av Førde IL, må medlemskontingent på 150 kr betalast i tillegg.

OBS! Barn som til vanleg har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent her òg.

Kontaktinformasjon:
Ta kontakt på e-post eller telefon ved spørsmål: pameldingfordeturn@gmail.com (skriv sommarferieturn i emnefeltet) eller ring 97 54 53 17(Øystein Sellevold). 



Litt praktisk informasjon:

  • Møt i turndrakt eller tettsittande treningskle
  • Ta med lunsj, drikkeflaske og eventuelt frukt
  • Hugs å merke kle og drikkeflasker
  • Vi må ha beskjed frå føresette dersom barna skal gå heim åleine

Meir informasjon blir sendt ut på e-post nokre dagar før oppstart.


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.